Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK
Tenester
Sjølvbetjening
Sjå kva oppgåver du kan
løyse sjølv, direkte på nett
Sjølbetjening
Tenester
Tenester, A - Å
A B C D E F G I J K L M N O
P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

Status for svineinfluensavaksinering

Vi har nå vaksinera risikogruppar og helsepersonell som det kan bli kritisk mangel på ,og kome godt i gang med born og nærkontaktar med born og gravide.

Den fyrste vaksineforsendiga er bruka opp. Det er satt vaksine på mykje over 500 personar.

Det kjem ikkje meir vaksine i denne veka ( veke 46 ).

Når det kjem ny vaksineforsending vil vi prioritere etter alder, det vil seia at vi kallar inn etter aldersgupper med dei yngste fyrst. Om det ennå er att nokon i risikogruppane båe over og under 65 år som ikkje er vaksinera vil dei og få tilbod med høg prioritering, det same gjeld anna helsepersonell og eventuelle svinebøndar.

Eg veit ikkje når neste vaksineforsending kjem men det vert heit sikkert ikkje denne veka. Planlegging av dato for neste vaksinering er difor umogleg nå. Det vil bli kalla inn med kort varsel. Eg har fått melding om fleire tilfelle av influensa i bornehagen og på skulen så det verkar som pandemien har kome til Tokke. Sidan vi ikkje får meir vaksine på ei stund er det ekstra viktig med dei andre smitteforebyggjande tiltaka som isolering av sjuke og god hygiene. Vi har og tilgjengelieg antivirusmiddelet Tamuiflu på legekontoret og på Kviteseid apotek og legevaktsentralen i Åmot. Denne medisinen kan om den gis innen 48 timar etter sjukdomsutbrot korte ned sjukdomsvarighet med 1 - 2 dagar og det er ikkje naudsynt med resept frå lege, men ein må være sjuk for å få den - det nyttar ikkje å hamstre inn for sikkerhets skuld.

På grunn av mykje arbeid med pandemien og sjukdom knytta til det og at kommunelege 2 Karin Kristin Østerhus har gått ut i svangerskapspermisjon forventar vi at det ein god tid framover vil bli ekstra mykje arbeid her på legekontoret og vi oppmodar difor alle som kan vente med å bestille time til å vente. Dette gjeld kontroll av heilt stabile tilstandar, rutinemessig celleprøver fra underlivet hos kvinner og såkalla "heilsjekk" for sikkerhets skuld. Vi må og kutte litt ned på møteverksemd, tilsyn og helsestasjon / skulehelseteneste i ein periode framover. Eg er ansvarleg for pasientane på lista til til dr Østerhus inntil vidare og dei kan få time hjå meg eller turnuslege Sjur Ohren.

Smittevernlege Lars Håvard Eriksen

Sist oppdatert 09.11.2009