Informasjon om vaksinering mot influensa.
Det blir tilbud om vaksinering mot influensa måndag 26.10 og tysdag 27.10 frå klokka 17.00 til 19.30 på legekontoret på Dalen.
Vi planlegg å tilby både den vanlege sesonginfluensavaksina og pandemivaksina ( svineinfluensa/ H1N1 ). Sesonginfluensavaksina har kome. Pandemivaksina er lova levert hit frå Folkehelsa i veke 43, vi skal då få 500 doser.
I fyrste omgang ber vi folk i risikogruppene om å møte. Dette betyr at i utgangspunktet friske folk som ønsker vaksine ikke er prioritera i denne runden. Helsepersonell som ikkje samstundes er i risikogruppene vil få et eiga tilbod seinare. For dei i risikogruppene anbefalar vi stort sett båe vaksinane. Det er nok vaksinedosar i landet til alle, så alle som ynskjar det vil kunne få vaksine etterkvart.
For ytterligare informasjon om kva som er risikogruppane , sjå info frå Folkehelsa.
Om ein er i tvil om ein sjølv er i risikogruppane kan ein og ringe Legekontoret på tlf 35075560
Lars Håvard Eriksen, smittevernlege i Tokke.
Sist oppdatert 22.10.2009