Status for svineinfluensavaksinering i Tokke
Kommunelege I, Lars Håvard Eriksen informerer.
Vi fekk den 22/10 500 vaksinedosar. Den 26., 27. og 29.10 blei dei viktigaste risikogruppene vaksinera. Dette var gravide, personar i risikogruppa som var < 65 år og frontlinjehelsepersonell. Det blei og satt ein god del vaksinar på folk i risikogruppena som var > 65 år. I dag 3/11 er anna helsepersonell som det kan bli kritisk mangel på i ein pandemisituasjon vaksinera. Vi er ikkje ferdig med vaksinering av risikogruppa ennå. Det står igjen eindel av dei med risikotilstandar som er > 65 år..
Eg har fått vite at vi ikkje får fleire vaksinedosar i denne veka ( veke 45 ). Det er ikkje klart kva tid neste forsending kjem.
I morgon skal eg på eit hastemøte hjå Fylkesmannen i Telemark om vaksineringa og vil informere så snart eg vet meir.
Lars Håvard Eriksen, smittevernlege
Sist oppdatert 03.11.2009