Ledig stilling som teknisk sjef . Id.nr. 115.
Tokke kommune er ein kraftkommune i Telemark. Statkraft sin administrasjon for Region Øst ligg på Dalen som er kommunesenteret. Telemarkskanalen endar på Dalen med Dalen Hotell som kjent turistmål. Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen har eit godt undervisningstilbod. Det er eit godt utvikla næringsliv i kommunen.
Teknisk sjef er fagleg og administrativ leiar for ein etat med om lag 45 tilsette og brutto driftsbudsjett på 36 mill. Kommunen si administrative- og politiske leiing er organisert etter etats- og hovudutvalsmodellen. Teknisk sjef er medlem av leiargruppa og rapporterar direkte til rådmannen. Ny rådmann byrjar 1.10.2009.
Teknisk etat har totalansvaret for områda; veg, vatn, avløp, plan- og byggjesaker, kart og oppmåling og forvaltning av alle kommunale bygg og anlegg. Teknisk sjef har ansvaret for saksutgreiing og sekretærfunksjonen for teknisk utval. Stillinga er tillagt budsjett og personalansvar.
Me ynskjer ein leiar som:
- Har høgskule-/universitetsutdanning innanfor eit eller fleire av fagområda, fortrinnsvis innanfor bygg, anlegg og/eller kommunalteknikk
- Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Motiverar og inspirerar medarbeidarane sine
- Er hyggjeleg og omgjengeleg, og dyktig i kommunikasjon og samarbeid
- Har erfaring med økonomistyring og administrasjon
Kommunen kan tilby:
- Variera og utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar
- Vanlege kommunale tilsettingsvilkår
- Pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Gjensidig prøvetid på 6 mnd
- Hjelp til å skaffe bustad
- Stønad til flytteutgifter
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å vende dykk til Olav Bjørn Bakken, tlf. 35075200.
Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling
Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Søknadsfrist: 9. oktober 2009.
Sist oppdatert 18.09.2009