Ledige stillingar
Tokke kommune har ledige stillingar som reinhaldar og lærar.
Fast stilling som reinhaldar. Id.nr. 98.
Ca 50 % stilling som reinhaldar ved Eigedomsavdelinga, Tokke kommune for tida i Høydalsmo er ledig frå skulestart då tidlegare reinhaldar går av med pensjon.
Fagbrev som reinhaldar vil vera ein fordel, men erfaring frå yrket, ei positiv innstilling og interesse er også viktige moment i vår vurdering av søkjarane.
Du må ha godt humør, god helse, evne til samarbeid og viljug til å jobbe i team.
Opplæring vil bli gjeven.
Denne stillinga er utlyst både internt og eksternt samstundes.
Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å vende dykk til Husøkonom Oddvin Kollbotn, tlf. 350 75 200.
100% mellombels stilling som lærar ved f.t. Tokke skule. Id.nr. 99.
Fagkrets:
Allmenne fag på mellomtrinnet.
Engelsk på ungdomstrinnet.
Noko spesped. undervisning.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rektor Kjell Stahl, tlf. 350 75 311.
50% vikariat som lærar ved f.t. Byrte oppvekstsenter. Id.nr. 100.
Vikariat som lærar i tida 01.08.09-31.12.09.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rektor Ingrid Vadder, tlf. 350 75 641.
For alle stillingane gjeld:
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår og fylgjer gjeldande lovar og reglar.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato (gjeld lærarstillingane).
Me ynskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadskjema på stillinga.
Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Søkjer du fleire av stillingane, må det lagast ein søknad til kvar stilling og id.nr.
Søknadsfrist: innan 10. juli 2009.
Sist oppdatert 29.06.2009