Kunngjering av ledig eitt års vikariat som kommunelege II ved f.t. Tokke legekontor. Id.nr. 112.
Vikariatet gjeld frå ca. 9. november 2009 og eitt år fram.
Tokke kommune ligg ca. 230 km. Vest for Oslo, i Vest-Telemark med fjell, vill natur og gode fiskevatn. Her er vi ca. 2.400 innbyggjarar i eitt stille, roleg og godt miljø med det meste me treng til dagleg. Vidaregåande skule og god barnehagedekking. Helsevesenet vårt er godt utbygd, og me har dei fleste yrkeskategoriar, men no manglar me ein vikar for ein av våre faste legar, som skal ut i svangerskapspermisjon.
100% vikariat som kommunelege II. Id.nr. 112.
Vikariatet gjeld frå ca. 9. november 2009 og eitt år fram. Dette er ei kommunal fastløna stilling i legesenter med 2 andre fastlegar + turnuslege. 10- delt legevakt i interkommunalt samarbeide med Vinje kommune. Listestørrelse 750 pasientar med 7,5 timar offentlege legeoppgåver.
Løn og vilkår etter avtale.
Nærare opplysningar ved kommunelege I, Lars Håvard Eriksen tlf. 350 75 560.
Me ynskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadskjema på stillinga.
Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
Søknadsfrist: 8. oktober 2009.
Sist oppdatert 07.09.2009