Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK
Tenester
Sjølvbetjening
Sjå kva oppgåver du kan
løyse sjølv, direkte på nett
Sjølbetjening
Tenester
Tenester, A - Å
A B C D E F G I J K L M N O
P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

ARBEIDSFORMANN. ID.NR. 97.

Stilling som arbeidsformann ved uteseksjonen er ledig snarast råd då den tidlegare formannen truleg skal over i ei prosjektstilling ved etaten.

Arbeidsformannen er utearbeidarane sin næraste overordna og har ansvaret for den daglege drifta av kommunale bygg, vegar og VA-anlegg. Arbeidsformannen er og prosjektleiar for byggeprosjekt som utførast i eigen regi. Det er også moglegheit for å fylgje opp byggeprosjekt som vert sett bort til entreprenørar.



Formannen har ansvaret for:

· 18 tilsette der av driftsoperatørar for vatn og kloakk, vaktmeistrar og tilsynsvakter for skulane/alderspensjonata/kulturbygg, vedlikehaldsarbeidarar for dei kommunale bygg og anlegg.

· Den daglege kontakten med 16 brøytekontraktørar i brøytesesongen.

· Kontering og attestering av rekningar.

· Planlegge/bestille materiell til framtidig arbeid.

Kommunen ynskjer ein målretta, handlekraftig og tydeleg formann som kan motivere og inspirere sine medarbeidarar.

Ønska bakgrunn:

Fagskole, meisterbrev, fagbrev eller anna teoretisk/praktisk bakgrunn med god realkompetanse. Kjennskap til data.

Kommunen kan tilby:

  • Variera og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Gjensidig prøvetid på 6 mnd
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Stønad til flytteutgifter

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Arbeidsformannen må disponere eigen bil. Det er utarbeidd eigen instruks for stillinga.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å vende dykk til avd.ing Tone Midtbø eller Magne Underdal, tlf. 350 75 200.

Me ynskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadskjema på stillinga.

Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.


Merk stilling med stillings ID nr. 97.


Velkommen med søknad innan 27. juni 2009.

Sist oppdatert 10.06.2009