Psykiatritenesta
Psykiatritilbodet er knytt til pleie og omsorgsavdelinga. Psykiatritenesta kan kontaktast her. Psykiatritenesta kan kontaktast ved å ringe Pleie –og omsorgsavdelinga tlf 35075500 eller på mobiltlf til kvar av oss 8.00 – 15.30
Psykiatrisk sjukepleiar Elin Erikstein, mob 970 58 050, er konst koordinator for psykisk helse.
Helsearbeider rus/psykiatri Mona Heimdal mob 970 58 054
Miljøarbeider/ psykiatrisk hjelpepleiar Gro Ingunn Solli mob 970 58 052
Tilbodet inneheld:
Hjelp til dei som på grunn av psykiske lidingar eller vanskar i livssituasjonen ikkje
meistrar det daglege og/eller sosiale livet sitt. Du kan ta kontakt som pårørande til dei som har psykiske vanskar eller rusproblem. Vi har tilbod til barn av psykisk sjuke og barn/ unge som slit sjølve.
Du kan ta direkte kontakt med oss, eller gå gjennom fastlegen din.
Tilbod om samtaler, grupper, miljøarbeid, tverrfagleg samarbeid, nettverksarbeid, hjelp med rus og avhengighetsproblem. Vi arbeider og forebyggande, og ynskjer å gje kunnskap og rettleiing om psykisk helse til menneske i alle aldrar.
Møteplassen:
er ei gruppe der vi møtast for ein prat og ein matbit. Staden er Soknehuset på Dalen på tysdag formidag kl 10.00.
Dagaktivitetsgruppa:
-Annankvar måndag er det samling eller utflukt.
Friluftsgruppa:
Gruppa møtest annankvar måndag kl 10.00 utanfor Soknehuset på Dalen. Vi er ute i naturen, går tur, lagar eit måltid saman og har det triveleg. Ta kontakt om du har lyst til å bli med.
TRUR DU EI AV GRUPPENE KAN PASSE FOR DEG KAN DU TA KONTAKT MED EIN AV OSS.
Hjelpegruppe ved kriser:
Gruppa trår i kraft ved brå og uventa dødsfall og ulykker. Det er legevakt eller politi som kan kalle ut gruppa. Dette er eit tverrfagleg team.
Sist oppdatert 08.07.2009