Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Brann og feiing

Brann og akutt forureining ring 110

Ring 110 om det brenn

Lov om brannvern

Vest- Telemark Brannvesen.


Feiing

Kor ofte kan eg forvente at pipa vert feia

Brukarane kan forvente at piper blir feid kvart år. Det kan og feiast etter behov. Ein må da gjere avtale med feiar i samråd med brukar og brannsjef.

Kor ofte vil det verta gjennomført tilsyn og kontroll

Kvart 2. år vil bustader få besøk av brannvesenet som utførar tilsyn med piper, murar, eldstader samt kontroll av røykvarslar og sløkkeutstyr. Det vil og bli gjeve rettleiing i utbetring av brannsikring.

Kva må eg gjera før feiaren kjem

  • Vi forventar at dei som ikkje mottek tenesta varslar oss.
  • Vi forventar at den som mottek feievarselet set opp takstige og elles gjer som det står i varselet.
  • Vi forventar at den som mottek varsel om tilsyn gjer som det står i varselet og gjev kontrollørane tilgang til bustaden.

Kva dekkjer det årlege gebyret for feiing

Kommunestyret fastset det årlege feiegebyret, som skal dekkje den praktiske og administrative drifta av feievesenet.

Feiegebyret skal dekkje følgjande over ein 2-årsperiode:

  1. Feiing av røykkanal kvart år
  2. Tilsyn av fyringsanlegg minst kvart 2. år
  3. Det vert skifta batteri i ein røykvarslar
  4. Informasjon om brannvern og rettleiing om riktig fyring.

Feiing og tilsyn av fritidsbustader

Den kommunale kontrollen av fyringsanlegg og feiing gjeld ikkje for fritidsbustader. Kontroll og feiing av fritidsbustader vert ikkje regulert av feieføresegna, og må organiserast av den einskilde eigar.

Feiing og tilsyn av fritidsbustader er eigar sitt ansvar.

Nokre private aktørar som tilbyr reingjering av piper:

Vinje hytteservice
Øyfjell
Mob. 901 51 554

Haugarnes fjellservice
Haukeli
Mob. 908 52 206
Fax 350 70535

Telemark hytteservice
Rauland
Mob. 990 20 047

Brannsjefen gjer eigarane merksam på at desse aktørane ikkje har utdanning i feiarfaget, og stettar difor ikkje krava etter feieføresegna. Deira tenester er å sjå som reingjering av piper.

Årleg gebyr for feiing.

Sist oppdatert 07.12.2009